Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ikke gaa og risikere alleslags Ting bare for aa ødelægge
Folk som aldri har gjort dem noe vondt? sa han. Hva
sier du om slikt, du?»
Dagmar var harm; so harm at Augo skaut Gneistar.
«Georg Jonathan er ein Fyr som du skal passe dej for!»
sa ho.
Ja; Frida visste det. Og ho skulde nok greide seg for
sin Part. «Naa; se der har du din spesielle Tilbeder,»
lagde ho til; ho saag Laurits koma drivande.
«Ja han! han er ikke av den Sort,» svara Dagmar.
Og daa dei møtte Laurits, stansa ho han upp, gav han
eit av sine fagraste Augnekast og sa: «si mej, Herr
Kruse, hvorfor vil Di ikke komme ut til oss om
Søndags-kvelderne ?»
«V—v—il ?!» sa Laurits; han smilte yvi heile Andlite.
V.
Det saag ut som dei ikkje skulde faa ærleg Vinter
det Aare.
Sjølve Desember var ein Regnmaanad. Aldri Himil,
aldri Sol; berre vide myrke Verdenshav av Skyir, og
Regn, eller stundom Slette, som var Snø upp-aa Høgdine.
Men ikkje der heller var ærleg Snø. Det var Snø som
tinte, Snø med Flekkir for kvar Stubb og Stein, sur vaat
Snø mot sur vaat Luft, so Aasane saag ut som dei kulsa
og fraus, og all Verdi vart ufjelg av denne Halwinteren.
Nede i byen var Gatune glettne og vaate med
Vats-diplar og Søylefæn for kvart Sig i Steinsetningi. Men
Gatur som ikkje var steinsette var Søyle til Botnen,
med smale svigtande Bordbruir til aa gaa paa.
Folk heldt seg inne og lagde i Omnen; den var
Husguden no. Ved Glasi var det hustri og kaldt, og ute paa
301
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>