- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
302

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Gata var der ikkje anna aa sjaa enn vaate vandrande
Regnhattar.

Hyggjelegt vart det ikkje inne heller, fyrr ein fekk
upp Ljos og kunde rulle ned for Vindaugo. Daa, naar
ein kjende seg heilt innestengd, so det ikkje var noko
som minnte um Guds frie Natur med den graae Lufti
og det kalde Ljose, daa fyrst tok Folk til aa livne. Dei
kraup ut or sine Skal og strekte seg i Armstolane med
Pipa og «Aftenposten», eller, naar det var Damur, med
Binding eller Heklety; og i Omnsvarmen tinte dei upp
og rødde med kvarandre, naar det so vilde falle.

Folk som ikkje hadde det koselegt heime sat gjerne
paa Vertshusi. Dei som ingin Stad hadde aa gjera av
seg laut vera til, dei og; men dei lika seg ikkje. — Ein
av deim som ikkje lika seg var Maalaren Bjølsvik.

Han var i det heile ikkje den glade Guten som han
hadde vori. Han, som i sin Ungdoms Dagar hadde vori
Fyrstemann i altslags Galinskap, Æresformann i «Dilla»,
«Storfyll» av «Flaskekapselen» og mykje anna rart, han
var no so nedpaakomin og «demoralisera», at han ofte
sat inne og mula yvi ei Bok, naar Rangelen gjekk som
verst i Centralkjellaren eller uppe i «Fallgruben».

Og kraup han ut or Hie sitt ein Gong, so var han
endaa i Ulag. Leid og sinna paa alle Ting, men iser paa
Kvinnfolki. Um deim hadde han eit heilt «Repertoire»
no av harske Preikur; og Peter Tordenskjold gjekk og
undra seg forderva paa, kven det kunde vera Bjølsvik
hadde vori ute og fengi nei av.

Bjølsvik treivst ikkje millom dei gamle Kammeratane
sine lenger. Dei sat alltid og rødde um Kunst, dei,
disputera um blaatt eller brunt og var «moderne»; det vart
Bjølsvik leid av. Han var leid av alt. Han sat helst og
seig burt i sine eigne Tankar; letst som han las i eit
Blad, men gjorde ikkje det heller; gav eit av sine «store

302

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0304.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free