- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
303

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Nummer» naar han saag seg Kans til det; skvatt so upp
og gjekk, «forsvandt», so dei visste ikkje Orde av, fyrr
dei saag Ryggen hans i Dørgape.

Men det var ikkje Moro aa koma heim til seg sjølv
heller.

Naar han seint um Kvelden steig inn paa «Bula» si i
«Pultosten», og der var kaldt og svart, og raa Luft
innsett med Tev av Maalarfargar og Tobak, og Lampa var
ustelt, og Omnen full av Oske, og Veggen full av dei
gamle Bilæti, og Golve fullt av Maalarstolar og Kassur,
og Borde fullt av Pipur og Tobak og Flaskekorkar og
Mappur og Papir og Rusk av alle Slag, og han sjølv
maatte leggje i Omnen, og sjølv reide upp Sengi, som
var løynd attum ein høg Skjerm av Karduspapir, og so
han ikkje hadde anna aa taka til enn denne daude kalde
Boki, so Fanden brodere um han kunde finne ut, at
Verdi var som ho skulde vera.

Det vart gjerne til det, at han sette seg til i fullt
Overty, slik som han kom fraa Gata, tok den Boki eller
det Blade som han maatte hava til aa sjaa paa, og lét
so Tankane svive som dei vilde; men Tankane sveiv
jamt til den same Kanten.

— Ei Kjering og ein Katt. Det var ikkje stort meir
han kravde av Vaarherre. Men han kom nok ikkje so
langt at han kunde føde Katten dessmeir, langt mindre
Kjeringi.

Henne hadde dei dessutan øydelagt for han.

Slik som ho var den Tid han kom heim fraa Utlande,
so yndefull og so barnsleg, so fin og so frisk, hadde han
ikkje set Maken til Gjente i Verdi. Og han gjekk i heile
Fjor Vinter og var glad i henne og visste det ikkje.
Men so kom dei «emansiperte». Dei Trollkjeringane.
Dei reid paa det Kosteskafte sitt til dei vart galne; og
Dagmar hadde dei skapt um, so ho var ikkje same Men-

303

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0305.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free