Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
neskje. Han banna deim i sitt Hjarta og tenkte med
seg, at fekk dei halde paa som dei vilde, so kom Verdi
ein god Dag til aa ikkje vera anna enn slik ein
Troll-kjeringdans yvi Haug og Hei.
Og so kom Studentane. Dei var alle Stadir framme.
Dei aatte Verdi dei, maatru. Iser aatte dei Kvendi. Og
Kvendi, Gubbevars, dei kom farande med Tunga ut av
Halsen, berre dei saag Snippen av ein Student; for han
var ein av deim som skulde faa «noko visst», han. Naar
han hadde sin Eksamen, so fekk han Post; det var fast
Takster det; og so steig han i Gradine etterkvart som
han fekk Ungar; men naar han var so gamall at han
ikkje kunde tyggje Graut, so fekk han Pensjon. Det var
Staten som syrgde for honom. Me andre fekk klara oss
som me kunde, me. Og laut endaa betala Skatt, Toll
og Tiend.
Hadde Bjølsvik havt det som han vilde, so neigu um
den Gjenta skulde ha sloppi fraa han! Han skulde ha
nappast um henne baade med Studentar og
Trollkjerin-gar, ja med kven som helst. Men raadlaust var
raad-laust.
Han hadde faae Inntektir, og dei var uvisse, men
Utgiftir nok, og dei var Fanden so visse; taka henne
her upp i Pultosten og lata henne liva paa Sild og Stump
som han gjorde sjølv, det lét han nok vera; og beda
henne vente til dess han vann seg upp i Verdi, um eit
halvt Tjug Aar eller so, det korkje vilde han, og heller
ikkje kunde det nytte.
Det fekk vera som det var. Han fekk lata henne gaa;
ho hadde sin Veg. Men det var komi ein Uhug yvi han
som han ikkje raadde med; det var ikkje Moro aa
arbeide, dessmeir. Um han kunde vinne eit Namn som
Michel Angelo, so totte han ikkje det kunde vera so stor
Hjelp i det.
304
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>