Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Sidan laag han og dorma ei Stund, men fekk ikkje
sova.
Lufti i Rome kjendest som ein tett, kald Eim, so at
berre han kom upp or Sengklædi med ein Arm eller ei
Oksl, klabba Skjorta seg til Kroppen med ei kald Ising
som maatte ala Gikt. Og Andedrage steig til Vers i
kvite Kvervlar liksom Piperøyk.
Nede fraa Gata høyrde han at Dagen var i Gang.
Det var den kjende Duren av ein Kristiania-Kvardag;
døyvd Rulling av tunge Kjerrehjul, skrellande
Vogn-rammel innimillom, tydelege Stig av Fotgangarar
ned-paa Fortoge, men elles stilt. Ikkje ein Tone, ikkje eit
Rop; ein kunde tru det var Duren av ein daud By som
spøkte.
Bjølsvik laag i Sengi og vreid seg; ein vart snart leid
av aa liggje; men kor skulde ein faa Mod ifraa til aa
staa upp. Det vilde vera som aa gaa i Sjøen paa ein
Frostdag. Ikkje var det ljost nok til aa arbeide heller.
Fanden skulde ha desse myrke Dagane; det var Dagar
for Bjørnen som laag i Hie, men ikkje for Folk som
skulde gjera noko.
Og no maatte han snart ha den «Fuskesætra» si
fer-dug. Han kunde ikkje liva all si Tid paa Kronelaan.
Det tok til aa verkje i Samvite hans, og Hovude var
ikkje rart det heller. Han laut upp no; upp og faa Luft.
Langt um lengi vaaga han Sprange. Nokre
Klæde-fillur fekk han paa seg i ei Hast; men kaldt var det,
so Tennane skrangla.
Han glytte ut gjenom Glase; berre Skodde og
Snø-slaps. Graavelling. Eit Par Skorsteinar stakk upp i
Lufti som svarte sotute Gryteøyro.
Omnen var halvfull av Oske som vanleg. Det var
daa som heite, brandgule —, at han aldri kunde hugse
paa den Oska! Og Bjølsvik banna, so det kunde taka
306
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>