Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Eld i Veden berre av det. Men til aa vera dess
tryggare fann han fram Petroleumsflaska.
Sjølvsagt. Tom som ein Pengepung. So tom som det
skulde ha vori Brennevin paa ho. Bjølsvik saag ut som
han kunde faa Ølkveisa; og alt han hadde banna fyrr
vart Barnesnakk og Gudsord mot den Leksa som no
kom. Og daa han ikkje kunde lenger, trampa han i
Golv so Pultosten skalv, av di «dette fordømte saakaldte
Sprog» var so «fattigt paa Kraftudtryk».
Han spikka upp so mykje Flisir at ein maatte kunna
«setja Eld paa Maridalsvatne» med deim; men so kunde
han ikkje finne Fyrstikkur. Paa Borde var dei ikkje;
paa Golve var dei ikkje; i Glase var dei ikkje; og ikkje
i Jakkelumma, og ikkje nokon Stad. Sjølvsagt! Han
hadde gløymt aa kaupe. Han lo av Sinne; han skar
Tennar av Sinne; han frynte av Sinne som Fanden paa
store Bededag; men banne kunne ikkje nytte; alle Eidar
var for veike. So reiv han Styvlane paa seg og gjekk
inn til Blytt; der stal han Stikkur. Blytt sov som ein
Stein og saag ut som han vilde sova til Domedag.
Med eit Grand Stræv fekk Bjølsvik det til aa brenne;
so vaska han seg og stelte seg, og gjekk nedi Kjellaren
og fekk Kaffi. Det greidde seg paa ei Vis, so lengi han
hadde Kredit der.
Ein Kopp Kaffi, eit Egg og tri «Kakeskivur» friska
paa Huglage; og daa Maalaren Otto Nielsen kom, tok
Bjølsvik naadigt imot han.
Dei banna fyrst paa Vere ei Stund, og so paa «dei
daarlege Tidir». Otto Nielsen fortalde at han maala eit
«Publikumstykke» med Solnedgang yvi ei Snøhei; kvar
Kveld naar han lagde seg bad han um Snø og Frost,
men det hadde ikkje hjelpt enno. Bjølsvik kunde vera
like glad med Snøen, sa han, berre her vart ljosare.
«Fuskesætri» vilde han ha ferdug no; Blomkvist trudde
307
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>