Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
han tok det Stykke; og so vart det eit hundrad Kronur
eller so til aa friske paa Krediten med; det kunde
turvast det no.
Berre det ikkje var den Obligasjonen; og no laut han
vel for ein Gongs Skuld betala Avdrag. «Saa du holder
Obligasjoner?» sa Otto Nielsen. «To, Far!» svara
Bjøls-vik. Dei var fraa den Tidi daa han hadde Stipendie og
var i München og Paris. «Men du fik jo noksaa godt
betalt det store bibelske Billede til Kunstforeningen?»
Aa, det var ikkje nokon Kapital til aa Hva eit Aar paa,
knurra Bjølsvik; «og Stipendie, som du veit skal vara
eit Aar, er so stort at ein godt og vel kann koma att
og fram med det.» «Kjenner til det,» nikka Otto Nielsen.
Han var ferdug med Kaffien og stappa Pipa si, —
Portoriko No. 2 i ei Jaabækspipe. «Og det Billede je
siden fik solgt til denne Endre Storr,» heldt han fram,
«’Vaad Høst’, du vét»... — «Ja?» — «Det gav den
Slyngelen bare 300 Kroner for; og saa fik jo enda den
Besked paa Kjøpe, at det var ikke Kunst, det je hadde
gjort, men Fotografi. Idioten.» — «Hm! Og enda gav
han 300 Kroner for det!» — «Ja; for ’Sannhet har vi
Bruk for, men Kunst er Humbug’, sa han.
General-idioten.» — «Patent-Idioten.» — «Kgl. norsk
Over-idiot.» — «Kraftidiot.» — «I Evighed Amen.»
Men so lengi Bjølsvik hadde desse Obligasjonene, kom
han ingin Veg. Ein Obligasjon var som ein Mylnestein
um ein Manns Hals; Bjølsvik kunde maale so mykje
Fusk han vilde, so vart det ikkje meir enn til
Obligasjonane, og so kannhende til Tobak, men Fanden ikkje
til Brennevin.
Og so den Skræddaren. Trur du det var so mykje
som ein Bukseknapp aa faa paa Borg der no lenger?
Og dei «Klædebønderne» han her gjekk i, og som var
dei beste han aatte, dei var so utslitne, at han ikkje
308
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>