- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
309

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

var præsentabel med deim lenger, minst bak. Han kunde
knapt nok gaa til Folk um Kvelden dessmeir; og
slett-ikkje naar der var Damur.

Otto Nilsen blinka med Augo og lo lysteleg; Bjølsvik
lo med.

«Nei Fanden,» tok han frami att; «det blir ikke
anden Raad enn at je faar gaa optil Voss og sæle
Kadavere mitt.»

«Je har tenkt paa aa sæle Sjæla mi je,» sa Otto
Nielsen; «og je skulde Fa’n hente mig sæle ’a til
Innkjøpspris ogsaa. Men Fa’n ta Fa’n; han er for klok,
den Slyngelen; han vét at han faar den skarve Sjæla
mi for ingenting, naar han venter litt, og saa vil ’n
ikke.»

«Ha, ha, den Svinepelsen,» lo Bjølsvik.

Her var i det heile ikkje anna aa gjera: ein fekk
maale Publikumgunst og liva økonomisk. Herregud, um
dei no ikkje dreiv det so vidt som til aa koma i Louvre;
det var mange som ikkje kom i Louvre. Ja um dei ikkje
kom i Nasjonalgallerie dessmeir; Mat og Kaffi maatte
dei no hava. «Den norske Kunst»? den kunde dei ikkje
«ta noen Hensyn til». Det var ingin som hadde Bruk
for den; Staten gav so mykje til norsk Kunst som det
gjekk i Pension til ein Bisp; og endaa totte Bøndane
det var fælt mykje.

— Det tok til aa klarne ute; Bjølsvik sa Godmorgon
og gjekk.

Det var ikkje lett aa halde Mode uppe. Det han
arbeidde med og vilde bruka heile sitt Liv til, det hadde
han for lengi sidan merkt at ingin brydde seg um. Hans
eigne Vénir, som Redaktør Klem t. D., iddest ikkje so
mykje som koma upp til han og sjaa paa det han gjorde.
Kom det nokon, so var det ein Ranglefant som vilde
høyre um det fanst Brennevin paa den Bula; andre

309

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0311.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free