- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
310

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Folk saag ikkje han. Det var fælt som ein stod
aa-leine i Verdi. Ein hadde Kjenningar og Vénir i
Tylvtetal; men naar ein skulde tenkje seg um, so hadde ein
ingin.

Daa han kom inn paa «Bula» si att, fann han attum
Skjermen Gabriel Gram, som stod der og vaska seg.

«Naada! Hvor Fanden kommer du fra?»

Gabriel Gram grein: «Vika.» Fæl Vika-Rangel. Han
var øydelagd, totalt øydelagd. Laut faa sova ein halv
Time paa Sofaen der, fyrr han gjekk i Departemente.
Uff. Tvi. Fælt slikt. «Er det rent, det Haandklædet
der? Naa, det er sant —. Ja, ja. Aldeles fortumlet.
Jeg vil forresten anbefale dej —. Saah! det ogsaa!»

Han slengde Håndklæde og treiv eit Glas; slog Glase
halvt med Vatn og Konjak og gav seg til aa skylja
Munnen sin som det galdt Live. «Isj!» han sputta;
«tror du ikke jeg kysste Svine’ ogsaa?»

Bjølsvik maatte læ. «Hvor har du forresten stjaale’
denne Konjaken?» spurde han.

«Bort i Kraaen der, blandt alle Flaskerne dine. Uff.
Gud hjelpe oss allesammen. Je har vasket og skyllet
overalt, men man kan Fanden ikke være sikker. Je var
saa forbannet full. Uff. Nei, nei nei; je er saa nervøs
—; du maa... du maa skaffe mej noget 01, du. Litt
fort. Jeg — jeg — jeg... Skyndt dej.»

Han lagde seg i Sofaen so nervøs at han bibra.
Bjølsvik tok eit Aaklæde av Sengi og tulla ikring han; «jøss;
du er grøn i Ansigte,» sa han. «Kom med 01!» knurra
Gram.

Ja kom med Pengar, svara Bjølsvik.

Finst ikkje Pengar, sa Gram; Svine plundra meg til
siste Øyre. Gakk ut og faa ei Flaske 01 paa di ærlege
Uppsyn, eller paa Klokka di, eller —. Det er det same.
Uff; det er for fælt. Det maa Fanden gale meg vera

310

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0312.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free