Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Slutt no. Herre Gud; lat meg faa noko 01; eg gjeng
fraa Forstanden.
Bjølsvik hadde funni ut at han fekk freiste hjaa Blytt.
Han var den rike Mann no for Tidi...
Blytt laag enno. «Du Syvsover,» sa Bjølsvik, «har du
ei Flaske 01 her?»
«Ikke Spor av 01, ikke Spor,» svara Blytt.
«Enn Penger da?»
«Penger, er du gal? Ikke Bøss, ikke Bøss! Bare
to-tre Kroner; vil du la være? Dem skal je ut med! La
være, sier je! Slyngel! Set paa Maken!»
Men Bjølsvik hadde alt funni fram Pengeboki hans
og det viste seg at der var baade ei Femkrone og noko
til; yvi tvo Kronur i Sylv. Ditt Uting; du er so rik
som Rothschild, sa Bjølsvik; Takk skal du ha! Han tok
det der var av Sylv og gjekk. «Je maa ha dem igjen,
igjen!» skreik Blytt; «ja vent til je faar solgt
Fuske-sætra mi,» svara Bjølsvik inn gjenom Døri.
Strakst etter var han uppe hjaa Gram att med tvo
Flaskur 01.
Gabriel Gram laag paa Sofaen og kunde ikkje sova.
Han var so rar, sa han; han laag liksom so ustødt; det
var som han maatte halde seg fast; han kunde glide
ut, totte han; det var som der ikkje var Vigt i han.
Alltid var det slik. Og so rædd. Rædd, rædd.
Rædsle-flagur kom farande som dei vilde sope han burt; han
kom nok til aa svide for denne Rangelen i mange Dagar.
Aa Gud, han var so rædd. Satan! at ein aldri kunde
lære.
Her er 01, ditt Svin, sa Bjølsvik; drikk og ver glad.
Gram smaka paa Øle; men so vilde han ikkje hava.
Det var so vondt. Han kunde ikkje smaka nokon Ting.
Vart berre elgin av det. Vilde sova, sova; kunde han
so sant koma i Ro.
311
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>