- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
312

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Bjølsvik lagde eit Tæpe til yvi han og sette seg til
Arbeide; «no skal du hava Fred for meg,» sa han.

— Gram var ein liten bleik Bergensar, med kolsvart
Haar og eit kolsvart Munnskjegg. Han var smaaleg i
Dag, som jamt naar han hadde vori «paa Galei»; men
til vanlegt hadde han so godt Mod som Bergensgutar
skal hava.

Rett som det var sette han i: «nei, nei; je vil gifte
mej; je vil Fanden gale mej gifte mej.»

«Jasaa,» sa Bjølsvik.

Gabriel Gram laag og tagde eit Bil; so sa han: «der
er ikke annen Raad. Je vil gifte mej.»

Han hadde tenkt han skulde vera ferdug med slik
Villmannsrangel no, heldt han fram; langtifraa; berre
han vart eit Grand full ein Kveld, gjekk han paa dei
gamle Stadine som han skulde marsere under
Kommando. Der var ikkje Raad for det. Og no heldt han
ikkje dette ut lenger.

Var det ikkje so at du hadde funni deg ei privat no,
som skulde vera til slik Hjelp? spurte Bjølsvik.

«Nytter ikke,» svara Gram; «jeg holder ikke av henne.
Naar det kniper, husker jeg ikke paa henne engang.»

Nei; gifte seg, gifte seg. Dette her bar til Helvite;
det var greidt som Dagen. Og so var det ikkje Moro
dessmeir; ikkje det Grand Moro. Men tenkje seg aa ha
ei ærleg Gjente; ei som ein heldt av; ei som ein kunde
forlata seg paa; aah.

Ja det segjer du i Dag, meinte Bjølsvik. Men elles
er der so Skam noko i det. Gaa paa Vika-Rangel, det
er vel nokorlunde som naar Arabaren gjeng i Sahara
og ikkje finn Vatn; so slagtar han ein Kamel og drikk
det Vatne han der finn, i den femte eller sette eller
aattande Vombsekken; for Kamelen hev fleire
Vomb-sekkir enn der kan liggje paa eit Mjøl-Lass. Som det

312

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0314.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free