- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
313

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Vatne er mot ærlegt friskt norsk Fjellvatn, so paa
Lag er det vel med den Gleda ein kann ha av eit
kaupt Kvinnfolk, mot den ein fær av ei Gjente ein
held av.

Det er fælt godt sagt, sa Gram. Alltid hev du so
mange Likningar, du. — Kva er det du maalar paa?

— Det er Fuskesætra mi.

— Kva er det for ei Sæter?

— Det er ei Sumarsæter maala um Vinteren.

— Aa naa. Matstræv.

— Ja. Men haldt Kjeften din du! Eg gjer det sgu
mykje betre enn Godtfolk fortenar.

Dei tagde eit Bil; so sa Bjølsvik: «so du trur du kann
faa ei Dame til aa gifte seg paa ei Ekstraskrivarløn ?»

Gabriel Gram sa at han vilde gifte seg med ei
Tjenest-gjente. Berre det var eit ærlegt Menneskje; Herregud,
eit ærlegt Menneskje.

Ja det var no ikkje alltid nok til eit Giftarmaal det,
meinte Bjølsvik.

Naa; elles trudde nok Gran at han skulde faa ei
Dame. Han kunde skrive noko meir Kunstkritik. Og
naar det leid paa, so fekk han ein betre Post.

Aa ja, for den Skuld, meinte Bjølsvik. Tevlingi
mil-lom deim som søkjer Forsyrgjar er so strid, at snart
sagt kven som helst kann faa kva Dame som helst,
berre han hev litegrand aa bjode paa. Gjeng dei ikkje
her i Hopetal; i heile Arméar; store, staute, vakre
Kvinnfolk, fullvaksne og fullmogne; dei stend med opne
Armar og berre ventar, og det er for den Skuld Synd
aa sjaa, kor mange av deim som gjeng og folnar burt
utan Glede og utan Brudeseng. Men slær ein seg galin
og gjeng burt og tek ei av deim, so vert det sgu annan
Dans! Dei kan ikkje Additio og Subtractio, dei Tausine,
og ikkje Reguladetri heller, men godt vil dei ha det;

313

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0315.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free