- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
314

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

tri Rom og Kjøk er det minste ein kan bjode deim, og
ei Gjente til aa stelle Huse maa dei ha; og ei Gjente
attpaa til aa stelle Ungen naar den kjem; og so fire
Rom i Staden for tri, og so Doktar og Jordmor og
Klokkar og Prest og Kyrkjetenar og Faddrar og Fanden og
hans Pumpestokk; ein maa laane i Banken, skal ein
staa i det. Det er ikkje lenger sidan enn fyrre Dagen;
daa raaka eg ein gamall Kammerat, Paal Storm du
veit, Zoologen; han er so rik som tri-fire av oss
Konst-nera; han hev 400 Dalar fast, ser du, sekstan
hun-drad Kronur um Aare, Gut! men no er Ungen komin;
og trur du ikkje Fyren kom til meg og spurde um eg
kjende nokon som kunde skaffe han
Ettermiddags-arbeid? Tosken. Kor gjeng det med Bladlusi di daa?
spurde eg; aa, eg fær lesa um Nætane, sa han. Det
veit Kjeringi! Men trur du ho finn paa nokonting?
Langt ifraa. Ho læt det staa til ho; Mannen er
Forsyrgjar, og han skal skaffe; skaffe, skaffe, skaffe!
Dokka ho sit paa sine Bolster blaa, ho, berre krev, krev,
krev, meir og meir, og meir og meir, til dess Fyren
ligg der; og saa tar hun seg en anden igjen’, ho. Jauda!
Bjølsvik banna brennande og av Hjarta.

Men det er sandt; du skal sova, du Grisen, la han til.

Gabriel Gram trudde ikkje han torde, sa han. Det
vart ei vond Innsomning, var han rædd; han kjende det
paa seg. «Ei vond Innsomning?» Ja; det forstend du
ikkje, sa Gram; men det kann vera vondt; ei underleg
Bivring og Skjelving i heile Nerveveven, og so, med det
same ein somnar, gjeng det gjenom Kroppen som eit
elektrisk Slag; og so er ein stiv! Det er som
Mare-riding. Men med alt dette fylgjer det slik ein Helvites
Otte.

Du ranglar for mykje.

— Jagu gjer eg det! Men kva skal ein gjera, naar

314

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0316.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free