Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ein ikkje eig Glede eller Hyggje i sitt Liv? Maa ein
daa ikkje takke til at ein hev Brennevin?
Med ein Gong reiste han seg og sagde han vilde til
Elise. Ho skulde leggje seg med han; so vart han roleg,
og so fekk han somne. «Bøckmann kann ikkje vera der
paa denne Tid? Langtifraa.» Til Departemente vilde
han sende Bod at han hadde Tannverk. Det tok seg
ikkje ut aa vera sjuk paa ein Maandags Fyrimiddag;
«men Tandpine, for en fa’n, det maa da gaa an!»
Han fann fram med skjelvande Hendar Penn og Papir
og skreiv ein Setel. So vaska han seg og stelte seg;
fekk ei halv Krone og gjekk.
Bjølsvik sat etter og hadde vondt av Guten. Og av
seg sjølv; og av alle og alt. Med ein Gong mulla han
høgt for seg sjølv: «stakkars Constance.»
Gud veit, kor ho klara seg i denne Tid. Ho hadde
aldri vori sterk; den Bringa var ikkje aa lite paa. At
ho aldri kom! Ho kunde sitja Modell for den eine
Gjenta i «Vinterkveld»; jagu kunde ho det. Han skulde
ut ein Kveld aa tala med henne mn den Ting. —
— «Kom inn!»
Det var Agent Knoph, som kom, «Fanden», ein litin
svart, nakkebøygd Mann som Bjølsvik alltid trudde
maatte vera ein avdanka Skomakar.
Han var Agent for mange Ting. Men det han tente
best paa skulde vera Kunsten.
Han hadde Greide paa sine Folk. Naar han visste at
ein Kunstnar var i Knipe, so kom «Fanden» og sa, at
han kjende ein Mann som vilde ha eit Bilæte, naar han
kunde faa det billegt; og naar dei ikkje hadde onnor
Raad, so selde dei for det han vilde gjeva, helst dersom
Knoph «lagde ut» Pengane strakst.
Men slikt maatte alltid gaa svært stilt; Knoph vilde
ikkje gjelde for Kunsthandlar.
315
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>