- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
316

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Naar Agent Knoph hadde ruska til seg eit Bilsete for
tjuge eller femtan eller tie Kronur, alt ettersom
Kunstnaren var i Knipe til, so gjekk han til den eller den
Grosseraren og sagde at han visste, ein Kunstnar med
godt Namn, som for den eller den Tings Skuld vilde
selja eit Bilæte som kosta 100 eller 200 eller 400
Kronur, for 50 eller 80 eller 100 Kronur; so at her var eit
svært godt Tilføre, um Herr Grosseraren hadde ein ledig
Plass paa ein Vegg. Og so tenkte gjerne Herr
Grosseraren som so, at naar ein kunde faa eit Stykke Kunst
for so billeg Pris, so kunde ein likso godt pynte upp
Veggen med det som med noko anna.

Bjølsvik hadde so smaat venta paa Fanden i denne
Tid. Og no stod han der, smilande med alle sine svarte
Rukker, blid som den rette Fanden naar han skal hente
ei Futesjæl.

Bjølsvik var glad i Grunnen. Han hadde eit Bilæte
som hadde vori hjaa Blomkvist, «Heiejæteren»; det var
sett til 150 Kronur, og han meinte han skulde faa 25
Kronur for det av sjølve Fanden; dermed vilde han
vera berga for denne Vika; ja han vilde kunna betala
10 Kr. hjaa Skræddaren, og kannhende faa Kredit paa
ei ny Jakke.

Agent Knoph forklaara at der ikkje var meir enn 20
Kronur aa faa. Bjølsvik var vond og tordna og banna;
Fanden var blid og bukka og smilte; sistpaa tok han
upp Lümmeboki si og finga fram fire flunkande nye
Femkronesetlar. Dermed var Handelen avgjord.

Bjølsvik var glad likevel. Skræddaren fekk vente paa
Fuskesætri; no hadde daa Bjølsvik til Livemaate nokre
Dagar; dessutan kunde han — og det vilde han pinedød!
— hjelpe Constance med fire-fem Kronur, dersom ho
trong um det.

316

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0318.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free