Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
VI.
Fyrste Kvelden Laurits var hjaa Ingeniør Dyring,
fekk han lite Bruk for «Kvindens Underkuelse». Dei
tala Politik.
Verst i den Vegen var ein Medisinar Kvaale, ein rar,
30 Aars Fyr med eit knokut skakt Andlit og Augo som
ein Kinesar; fælt vitug Kar. I ein gneldrande sinna
Tone, og paa Strilemaal visst, forklaara han for gamle
Dyring um dei mange gode Ting som Parlamentarismen
vilde føre med seg; serleg heldt han fram, at naar
Stats-raadane kom i Thinge, so vilde Byraakratie faa
Bane-støyten.
Det var elles ein som tvila paa um me fekk
Stats-raadane i Thinge. Storthinge vedtok nok Lovi; men
han hadde høyrt gjeti at Kongen vilde negte
Sanksjon denne Gongen og.
Gamle Dyring smilte. Negta Sanksjon for tridje
Gongen? aa nei. «Aa neigu gjer han no vel ikkje da’ nei!»
gneldra Kvaale; det høyrdest som Sinne, men han lo.
Juristen Frigstad fortalde, at mange Høgremennar
trudde paa eit absolut Veto i Grundlovsakir.
Gamle Dyring, ein kvithærd, høg Mann med eit sterkt
Andlit, reiste seg i Stolen: dei Herrane skal vers’god
lesa eit Dokument som heiter «Kongeriket Norges
Grunnlov»; sa han. Og han var myrkeraud heilt uppi
Haargarden.
Laurits hadde aldri fylgt med i Politik; han kjende
seg svært utanfyri. Men i Kveld galdt det; og daa han
hadde høyrt paa dei andre ei Stund, til dess han hadde
Leidi, vaaga han seg i Veg med ein Stubb Historie som
han tenkte kunde vera upplysande. Det gjekk godt.
Sogustubben viste seg aa vera høveleg og kom til god
Nytte.
317
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>