- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
319

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og ho var so ung, berre «sytten Skjærsommere
gammel»; det kunde nok laga seg.

Han vilde velja seg eit Serfag, t. D. Latin. So skreiv
han ei Prisavhandling eller ei Lærebok; og so vart han
Rektor; ja kven veit: Professor? Professor L. B. Kruse;
Fru Professorinne Dagmar Kruse... Hm! Naa; han
raudna eit Grand; det var ikkje slikt, Dagmar gjekk
etter.

Men han vilde arbeide seg upp i alle Maatar. Alt som
var framme i Tidi vilde han setja seg inn i. Berre den
Boki av Mill han hadde lesi no, den hadde kveikt so
mange Tankar i han, at han tok til aa undrast paa, um
ikkje vaar Tid kunde vera likso god aa liva i som den
Perikléiske.

Laurits Kruse tok i med ein Gong. Han gjorde seg
upp ein Timetabel: so og so mange Timar um Dagen til
Eksamensstræv, og so og so mange til Frilesning. Tvo
halve Timar um Dagen til aa drive, kvile, i.

Denne Timetabellen kunde han ha livt etter og,
dersom det ikkje hadde vori denne Helene.

Ho brydde seg ikkje um Timeplanen hans ho. Naar
den viste paa Horats, kunde ho stelle det so at det vart
ein Time med henne. Ikkje meir Vyrdnad hadde ho for
andre Diktarar og Tenkjarar heller.

Han maatte sjaa aa koma ut or dette. Det var
umögelegt. Han, som gjekk og drøymde um Dagmar —;
dessutan lika han ikkje Helene lenger.

Ho heldt visst av han paa ein Maate; kannhende vart
det ikkje lett aa koma ifraa henne. Det var ikkje fritt
for at han kjende seg eit Grand Don Juan. Han fekk
ein Mistanke inn, at Kvinfolki lett vart glade i han, og
at dei vilde elske han djupt, naar han fyrst hadde vunni
deim. Han totte dei saag blidt paa han dei fleste.

Men Helene var ikkje lenger den ho hadde vori. Elska

319

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0321.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free