Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
henne hadde han aldri, som sjølvsagt var; men ho hadde
daa vori likare enn ho no var. I Grunnen hadde det
heile skift for han den Gongen han kom etter at ho
var sterk — naar ho vilde. Sidan hadde all Draum, all
Hildring, all Innbillning vori burte; alt hadde vorti Kjøt.
Og no vart det verre og verre. Det var som ho ikkje
vyrde seg sjølv lenger; ho gjorde ikkje Motstand paa
liksom dessmeir. Det var komi noko ubljugt yvi henne;
noko ufint. Like til Klædi og Haare; fyrr hadde ho
haldi seg godt i Lag; no kunde ho møte upp her som
ei rein Lurve.
Og so alt det ho kunde segja, og tala um! Det skulde
vera Moro; men det var anna enn det ofte. Som naar
ho med sitt lystige Gatetaussmil fortalde um Ting ho
kunde ha set i Skogen paa ein Sundags Ettermiddag,
eller um alt det som «vi Pikene» rødde um, naar «vi»
var i Lag. Ho kunde sleppe seg so langt utyvi all
kvinneleg Sømd, at han vart skamfull yvi det, jamvel han
som var Herre.
Og endaa hadde ho som ei Magt med han. Han kunde
setja seg fyri so fast han vilde, at no skulde det vera
slutt; det nytta ikkje lenger enn ho vilde. Ho hadde
ein Maate aa sjaa han i Augo paa —; stelte seg upp
midt framfor han, rett upp og ned, med Armane
verjelaust nedetter Sida, og lét so Augo leike, lystige,
løynske, med Skalken lokkande i Augnekrokane; eller ho
fekk fat i Handi hans og leika med den, mjukt,
kjælande, liksom elektriserande; ho hadde alle Slags Knip
til aa «faa han blid»; og so fekk ho han blid; so blid
at han gløymde all Ting.
Han vilde ikkje dette lenger. Han heldt det ikkje ut.
Det var ikkje onnor Raad enn at han fekk flytja. Det
vilde han gjerne og. Her gjekk han alltid med ei
Kjenning av at han var under Uppsyn. Men det galdt aa
320
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>