Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
vera plent aaleine. Og no torde ho ikkje sjaa noko
Menneskje snart. Laurits lova godt; naar det bar til
Stykke, var det baade rart og leidt aa skiljast fraa
henne. Dei stod eit Grand og heldt kvarandre i
Hen-dane. So skyna han at ho venta ein Kyss; den gav han
henne. Men det vilde liksom ikkje falle.
Ho gjekk.
Han sette seg til med Sofokles; det var etter
Timeplanen. Rett som det var skvatt han upp, reint glad;
han maatte kunne skaffe Helene Plass hjaa Georg
Jonathan!
VH.
Georg Marius Ludvigsen Jonathan var, etter som
Peter Tordenskjold visste aa fortelja, komin til Verdi
paa den Maaten, at Høkerdotteri Johanne Ludvigsen av
Kristianssand ein fin Kveld for tretti Aar sidan hadde
komi i Vegen for ein engelsk Orlogsmann.
Ho gjorde Havari; Engelskmannen drog sin Kos;
Gjenta sat etter og grét. Ho hadde inginting aa halde
seg til. Det einaste ho visste var, at Fyren skulde vera
Kaptein, og at han hadde sagt seg aa heite Georg
Jonathan.
Ho var yngste Dotteri etter rike Madam Ludvigsen;
dei tvo andre hadde vorti gifte, den eine med Bokbindar
Kruse, den andre med Kateket Broch. Maren
Ludvigsen banna Dotter si og sende henne til Kristiania; der
kom Guten. Han vart døypt Georg Marius Jonathan;
til Etternamn skulde han brüka Morsnamne.
Eit Aar etter gifte Johanne Ludvigsen seg med ein
Skipsførar Torstensen fraa Larvik. Daa tok Madam
Ludvigsen Gutungen heim til seg og var so glad i han
som han skulde vera komin til Verdi med rette Doku-
326
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>