Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ment. Og daa ho døydde, fekk han tri tusund Dalar
etter henne.
Han studera Jus. Namne sitt stelte han paa, so han
kom til aa heite Georg Ludvigsen Jonathan i Staden
for Georg Jonathan Ludvigsen; for Angelsakse var han
med Gud og Retten, og Angelsakse vilde han vera. Han
skulde aldri gløyme Madam Torstensen, sa han, at ho
hadde havt Vit til aa gjeva han eit angelsaksisk Upphav.
Han tok Eksamen med Haud; det einaste han kunde
var Statsøkonomi. So slo han seg paa
Handelskunn-skap, brüka Helvti av Arven sin til ei Englandsferd, og
kom paa Kantor hjaa Grosserar Storr, daa han var 26
Aar gamall. Tri Aar etter var han fyrste
Korrespondent og Fyrstemann paa Kantore hjaa Storr.
Georg Jonathan var medels høg og godt vaksin,
velstelt fraa Topp til Taa, strak, eit Grand stiv, med
engelsk Svip i all Ting; han gjekk for aa vera tilgjord.
Men Gjentelykke hadde han havt, sa dei; og dei lagde
til, at det var ein Ting som Georg Jonathan totte Mün i.
Han hadde vori ihuga Idrottsmann fraa Barndomen
av, og meinte dette hadde hjelpt han til aa «holde seg
klar av Fruentimmer og den Sort Ting» heilt til han var
attan Aar. Men daa var han og «komplet». Og so var
det ikkje meir enn ein Ting aa gjera; Adam maatte
finne si Eva, um han so skulde mana henne or Berge.
Gifte seg var det ikkje Spursmaal um. Han hadde
gode tri Aar att til Rettsprøva; dessutan maatte ein
vera galin, um ein vilde binde seg i den Alderen. Han
trudde ikkje han vilde binde seg nokon Gong. Det var
eit Spursmaal um eit intelligent Menneskje i det heile
hadde Rett til aa binde seg. Kva var det for ein
Slave-handlartanke: binde seg til eit anna Menneskje for
Livstid? I alle upplyste Land var der ei Lov som sagde,
at dersom det eine Menneskje gav eller selde seg til
327
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>