Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
det andre, so skulde den Transaksjonen vera ugild; men
Ægteskap var ein slik Transaksjon. Det gjekk ikkje
for seg aa gjera Kontrakt um Kjenslur og Viljar, og
det var Tull aa leggja Politiband paa ei Naturmagt.
Det var ei Gjente han hadde Hug paa, og det var
Nina Grundt. Henne gjekk han eit halvt Aar og fridde
til; og ho var so vitug at han kunde tala med henne,
ja tala med henne um Kjærleik. Han fekk henne til aa
skyna, at Ægteskape ikkje var for Folk som deim; det
var ein Skipnad som høvde for Elskhugen i dei Tidine
daa Kvende vart burtbytte med Kyr, og ikkje skulde
vera til anna enn til aa føde Mennane Sønir. No var
Kjærleiken noko anna og meir personlegt; og Kvinna
hadde sin menneskjelege Rett so vel som me; no maatte
det finnast andre Maatar aa skipa Samlive paa, so
Mann og Kvinne kunde elske kvarandre utan Avkort
for deira Fridom og Vyrdnad.
Nina Grundt saag paa den unge Juristen med blanke
Augo og sa, at ho aldri vilde gifte seg. Ein mild
Augustkveld gjekk dei aaleine ned gjenom Parken; dei
hadde vori i Selskap. Daa fek han henne um Live, den
staute bleike Møy. Og han drog henne inn til seg og
kysste henne. Det kom saa braadt paa henne, og han
heldt henne so fast og kysste so villt, at ho ikkje med
det same kunde verja seg; men so reiv ho seg ifraa
han og rømde. Han stod etter og skyna inginting; eit
Par Vikur etter fekk han høyre at ho hadde trulova
seg med ein Grosserar, ein diger, tettbygd, brutal Fyr
som heitte Bøckmann, og at dei skulde gifte seg straks
yvi Jol.
Daa strauk Georg henne ut or Bøkane sine. Og han
skjemdest so yvi henne, at Elskhugen hans var som
sløkt med ein Gong.
Sidan trudde ikkje Georg Jonathan paa intelligente
328
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>