Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Damur. Dei var bundne, desse av the upper tenDet
var ikkje anna aa gjera enn aa finne seg ei Dotter av
Folke. Dei var ikkje so upplærde, dei; hadde meir löti
lære aa tenkje sjølve; fann han ei som hadde Vit til
aa forstaa han, daa skulde han lære henne upp, so ho
vart Dame i Aand og Sanning.
Han fann ei Gjente av Folke.
Fru Widstrup, som han budde hjaa, hadde ein litin
Kvist; den Kvisten stod tom for det meste; for der var
kaldt um Vinteren, varmt um Sumaren og lite
hyggje-legt i det heile. Men ein klinkande Frostdag i Januar
flutte ei Gjente upp der; ho heitte Emilie og gjekk og
lærde Motepynt. Daa Georg ei Stund etter vart kjend
med henne, var ho so langt komi at ho skulde faa Plass.
Den fekk ho og, strakst etter.
Ho hadde ingin aa lite paa utan seg sjølv. Og det
var visst, at ho arbeidde. Ho stræva som ein Maur,
fyrst heile Dagen paa Motehandelen, sidan heime hjaa
seg sjølv fram-etter Natti.
Ho var roleg og klok. Stilt og vitug tala ho um alle
Ting, og hadde eit Mod som Georg vart glad i. So og
so var Verdi; det visste ho; og det kom aldri for henne
anna enn at ein fekk vita aa stelle seg deretter. At
Georg kom upp til henne stundom, lika ho godt; so
hadde ho daa ein aa tala med.
Det saag ut som ho visste med seg, at ingin kunde
koma henne nærare enn ho sjølv vilde. Daa Georg tok
til aa tala med henne um Kjærleik, vart ho korkje glad
eller harm, ikkje raud dessmeir. Ho tok Emne upp til
Dryfting.
Det var ikkje godt for ei Gjente som henne, sa ho,
aa faa ein Mann som ein kunde vera tent med. Og
kasta seg burt var vondt det og. Ho kunde ikkje ha
noko imot aa ha ein Vén, som ho kunde stole paa; men
329
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>