- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
330

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Herrane var lite sætande. Rett som det var gjekk dei
til andre; og um dei so kom att, kunde det vera
Ugrei-dur. «Det var paa den Maaten Syster mi vart
øydelagd,» sa Emilie; ho saag paa Georg med aalvorsame
Augo.

Han forklaara kva det var han meinte og vilde; ho
svara at dei sa vel nokorlunde det same alle; men ho
skulde tenkja paa det, sa ho; og han saag for fyrste
Gongen ein varmare Glimt i dei rolege Augo. «Jeg ser
Dem an for aa vera en reel Herre,» lagde ho til.

Det var elles ikkje so reint vondt for henne no, so
dersom han ikkje kunde lova aa vera snild og reel mot
henne, so skulde han heller lata henne vera. Ho hadde
daa Maten paa ei Vis; verre var det med Klædi. Dei
andre der nede gjekk som Damur for det meste. Dei
fekk nok ikkje det for ingenting; men det var vondt aa
sjaa altfor simpel ut og. Ein visste mang ein Gong
ikkje kva ein skulde gjera. Men ho skulde vel koma
utav det. Naar ein kunde gjera alt sjølv, greidde ein
seg utruleg. Difor skulde han tenkja paa, um han ikkje
gjorde best i aa lata henne vera. Det var Gjentur nok.
Han kunde snart finne ei som han lika betre enn henne.

Georg fekk god Tru til Gjenta; her var ikkje noko
Tøv her. Han saag henne i Augo og sa: «Di skal stole
paa mej, Emilie. Di kann tro mej paa mitt Ord: jeg
mener Dem det godt.»

Daa raudna ho eit Grand; det var visst av Glede. Aa
ja, ho vilde nok gjerne ha ein god Vén, sa ho, berre det
var ein ho kunde lite paa; for det var meir stuslegt
enn nokon vilde tru aa vera so reint aaleine. Ho hadde
tidt tenkt at ho ikkje heldt det lengi ut; og naar ein
ingin hadde aa halde seg til, kunde det snart gaa verre.
Sant aa segja naadde ikkje ei Mark og seks um Dagen
langt heller, og det um ein pinte for seg aldri so mykje.

330

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0332.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free