- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
336

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Kveld sitja og høyre paa, at Fru Hauge las upp eit
Stykke or Bibelen; og jamt og samt spurde ho etter,
um «Barne mitt» hugsa aa lesa Kveldsbøni naar ho
hadde lagt seg.

Det gjorde ho som vanleg; kvi skulde ho ikkje det?
Men der var so mange andre Ting ho fekk aa tenkje
paa no, og som var meir um-aa-gjera. No var ho strakst
vaksi. Til Hausten skulde ho bli konfirmera. Og so?
Naar ho var vaksi ? Korleis vilde Verdi daa taka seg ut ?

Det var so mange Ting ho ikkje visste. Ho torde ikkje
spyrja etter heller; ikkje Nette dessmeir, torde ho
spyrja. Ein Gong hadde ho spurt henne kor det gjekk
til, at Folk som gifte seg fekk Born; men daa hadde
Nette glott stygt paa henne. «Fy!» sa Nette, «saant
maa pene Piker ikke spørre om.» Og Julie hadde set
at det var Aalvor.

Og det var mykje anna. Friar, som «gjorde Kur»,
og kva ein daa skulde gjera og segja; og so Festemaale.
Ho vilde ikkje trulova seg, Julie; men likevel, -ein maatte
daa vita um det.

Den einaste ho fekk lite Greide av var Sofie, ein
Kjenning fraa Skulen; for Sofie hadde lagt Merke til
ymse Ting. Ho hadde havt ei Syster; og den Systeri
hadde vori trulova med ein Student, og skulde ha gift
seg um tri Aar eller so, men døydde fyrr det kom
so langt; og so hadde Sofie lært eit og anna av nokre
Romanar ho hadde funni. Soleis det, at Herrane, naar
dei fridde, so lagde dei seg paa Kne, og at ein daa
skulde segja: reis Dem, min Herre. Julie fekk
etterkvart vita alt det, som Sofie visste; men det hjelpte
ikkje stort; der vaks nye Spursmaal av kvar ny
Kun-skap So fekk Julie fat i Romanane, ho og. Dei las
Romanar ihop, dei tvo, og braut sine Hovud yvi mange
Ting; men det dei kunde brp seg mest um aa vita torde

336

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0338.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free