- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
337

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

dei ikkje tala um. Som t. D. det: naar ein Herre kysste
ei Dame paa Munnen. Og so det: aa vera «Elskerinde»
aat ein Mann. Det saag ut i Romanane som det skulde
vera noko svært rart og leidt det. Og der var so mykje.
I ein Roman, «Gud raader» av Aleksander Dumas, var
der endaa Tale um noko som heite «Brudenattens
glødende Mysterier». Det lyddest forunderlegt, dette; dei
gjekk med nedslegne Augo for kvarandre og var
sprengfulle av Spursmaal; men det var nok slike Ting som
pene Piker ikkje maatte spyrja um.

Mangt og mykje var aa høyre av vaksne Folk og,
som ikkje var godt aa faa Greide paa. Det var noko
dei alltid berre tala innpaa; kva det var, det visste den
søte Gud; men noko var det; det kunde ein s jaa
utan-paa deim, helst paa Damune. Paa Gata hadde Julie
høyrt Ord som ho ikkje torde nemne heime; ein Gong
i sine Smaagjentedagar, daa ho i si store Tankeløyse
hadde nemnt eit slikt Ord for Nette, gjekk denne beint
til Fru Hauge med det; og so hadde Julie fengi Ris.
Det var den einaste Gongen Julie hadde vori ute for
slik Medferd; av den Grunnen hugsa ho Orde serskilt
godt. Ho hugsa mange andre og ,som ho var rædd ho
skulde faa Ris for; ja mangt eit Ord gjekk ho og gøymde
vel paa, av di ho trudde det var stygt, endaa det
kannhende var rett uskyldigt. Men dei vaksne, dei visste det.
Fru Hauge visste det; Mor og Far visste det; Nette
visste det; kva kunde det vera som var so rart, at ingin
maatte vita det fyrr ho var vaksi?

Naar ho var aaleine, helst um Kveldane etter ho hadde
lagt seg, freista ho aa tenkje seg til kva det kunde vera.
Med Hjarta bankande i sin unge Barm dikta ho ihop
Roman etter Roman, og det var helst Bjølsvik, som var
Friaren. Eller Oskar Bye. Stundom var det Bye fyrst;
men naar ho kom eit Stykke uti, kasta ho honom og

22—Garborg I.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0339.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free