Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
tok Bjølsvik i Staden. Friaren gjorde daa Kur til henne
paa alle Maatar, sende Blomar og sa «Komplimenter»,
som i Bøkane; han var so hugtekin at han ikkje kunde
liva utan henne; men ho var kald og stolt. Endeleg,
naar Bjølsvik, eller Bye, kom so langt at han laag paa
sitt siste og skulde døy, forbarma ho seg. Ho steig inn
i Sjukerome i siste Stundi, gav Bye, eller Bjølsvik,
Handi, og bøygde seg ned-yvi han, helst ned-yvi
Bjølsvik, som hadde fengi stort Skjegg, og lét han — ja,
— lét han kysse seg paa Munnen.
Det maatte vera underlegt.
So vart han frisk; og so kom han ein Dag, i svart
Kjole og kvitt Slips, med ein stor Blomekvast i Handi,
og bad um aa faa tala med «Frøken Lindner». Ja;
«Frøken Lindner» kom. So lagde han seg paa Kne og
fridde, og so sa ho: reis Dem, min Herre. Men so?
Ja so var det vel aa kysse kvarandre; og so gjekk
dei i Selskap og fekk Gratulasjonar; og so var dei
trulova.
Men so kom Bryllaupsdagen. Ho saag seg sjølv i kvit
Kjole med langt, kvitt Slør og Krans; og ho var
straa-lande. Alle sagde, at so fager Brud hadde dei aldri set.
Og der var Graat og Glede og Middag med mange
Skaal-talur; og Bjølsvik tala best av alle. Og der var Musik
og der var Dans; og alle dei ho kjende kom og
gratulera og gratulera; og ho kunde sjaa det paa deim at dei
missunte henne.
Men so var det dei «glødende Mysterier». Uff; den
som visste det. Dei kysste vel kvarandre svært, naar
dei var komne so langt. Ein Ting som ho ikkje kunde
faa inn i sitt Hovud, og som gjorde henne heit berre
ho tenkte paa det, var, at det skulde lata seg gjera for
ei ung Dame aa vera aaleine med ein ung Herre um
Natti. Nei fy; det kunde ikkje vera so. Men det var
so. «Endelig er vi alene!» stod der i Romanane. Aaleine!
338
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>