Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Um Natti! Kva kunde ikkje han finne paa? Um han
no kom... og vilde liggje i same Sengi ? Gjentungen
kjende seg ikkje sjølv, der ho laag. Ho trøysta seg
med, at ein gifte seg sjølvsagt ikkje med slike Herrar.
Og so kunde ein skrike. Dersom det var ein Herre som
var so skamlaus daa; men det vaaga dei vel aldri; ikkje
naar det var Damur dei gifte seg med.
Eller um... eller um ... um ein kunde vera so glad
i ein Herre, at —. Ho hitna yvi sin heile Kropp, som
ho laag der aaleine i sine kvite Lakan.
Simple Folk, fælt simple Folk, um deim hadde ho
nokre forunderlege Tankar. Kor ho hadde desse
Tankane ifraa visste ho ikkje rett; ho hadde vel høyrt det.
Stundom, naar ho hadde arbeidt seg trøytt og heit paa
«Brudenattens Mysterier», kom ho til at tenkje paa
dette som ho trudde um dei simple Folk. Det var noko
som ikkje hadde det minste aa gjera med Kjærleik og
slike høge Ting; men det kunde koma yvi henne med
fæl Magt, taka henne gjenom Kroppen som ein Feber.
Ho heldt seg for god til aa tenkje paa det, men tenkte
paa det likevel; det var so rart. Det var ein forvilla,
dyrisk Tanke som magtstal henne; drivin burt paa ein
Kant kom han att paa den andre, dukka upp i utrulege
Samanheng, fyllte den unge Kroppen med ei Blanding
av Vellyst og søt Skam; ho kjende seg urein; grov seg
ned under Dyna og lét att Augo; dette vilde ho ikkje
vita um sjølv. Stundom vart ho rædd; ho vart so rar
av det; Gud Fader i Himlen maatte vita, kva det var
for noko.
Ulagleg og ulidande kjende ho seg i alle Maatar;
stygg vart ho, bleik og lang og langskankla som ein
Gutunge; Lemine vilde kvar til sin Kant; Klædi hekk
uppetter henne som Vaskety paa ei Stong; ho var visst
sjuk; kannhende var det Tæring. Men naar den Tanken
339
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>