Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
kom, daa vakna det i henne som ei Rædsle, som eit
Skrik, at ho kunde ikkje døy; ho maatte gifte seg fyrst!
Men til Vaarherre sa ho, at han kunde ikkje vilja taka
henne no; for ho var so lite fyribudd, og ho kjende seg
so syndig.
Ein Dag kom ho etter noko som reint vitskræmde
henne. Ho lagde seg sjuk; laag og skalv; det galdt
visst Live, men Doktar —! Doktar vilde ho ikkje sjaa;
den einaste var Mor; den som kunde faa tala med Mor;
graatande spurde ho Fru Hauge um ikkje Mor kunde
koma. Fru Hauge svara jau; tok elles til aa spyrja
etter sjølv; snart hadde ho Greide paa alt og bad Julie
slaa seg til Ro; dette var ikkje noko som Mor kunde
gjera noko med. Kva det var daa? — Det var berre
det, at Julie tok til aa naa upp mot dei vaksne Aari,
svara Fru Hauge med ein Smil. Julie raudna; vart
uroleg; kva det var, kva det var for Slag? — «Det er
noko som er so laga,» svara Fru Hauge, «og som alle
me Kvinfolk lyt dragast med.» Julie tagna. Aa, at her
skulde vera so mykje ugreidt og gaatefullt... og stygt!
— Det leid og det skreid; so kom Konfirmasjonen.
Den hjelpte for ei Stund. Det vart eit Staak og eit
Stræv med aa bu seg til den; og det fyllte henne med
nye Tankar og jaga dei vonde Draumane burt.
Det var helst Konfirmasjonskjolen som frelste henne.
Daa ho etter lang Venting endeleg fekk den paa seg,
og ho so gjekk for Spegilen, viste det seg at ho hadde
fengi ein annan Skapnad.
Vaksin Skapnad. Sped og fin. Men med eit nytt og
eit serskilt Ynde; reint vaksi saag ho ut!
Aksline var eit Grand smale, Mjødmine like eins. Men
der var noko mjukare yvi det heile; og der var ei
Tilemning til Barm, som ho smilte yvi, og raudna; det var
so rart.
340
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>