Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Ho var ikkje stygg; Gudskjelov. Me skulde sjaa um
eit Aars Tid. Eller um eit Par Aar.
Og Kjolen sat godt. Den gjorde henne sterk; ho
kjende seg ikkje syndig lenger. Og ho takka Vaarherre
for alt.
Lovnaden um aa tru og vera gudeleg gav ho so varmt
og ærlegt som ho kunde. Men det tinga ho seg, og det
vilde nok Vaarherre finne rimelegt: ho maatte faa vera
eit Verdensbarn til dess ho vart gift.
Etter den Tidi kom ho meir ut; Fru Hauge fekk henne
med i Selskap her og der; og Julie lika seg. Ho saag
so mange pene Herrar.
Kannhende tenkte ho vel mykje paa deim. Men kva
anna skulde ein tenkje paa i Grunnen, so lengi ein ikkje
visste kven ein skulde hava?
Millom deim ho tenkte mest paa var Georg Jonathan.
Aldri hadde ho set slikt: det var Lord Stanton fraa
«Miss Marys Roman» livs livande. Den Lord Stanton
som hadde vori ein hjartelaus Skarv.
Nettupp so hadde ho tenkt seg han. Eit bleikt rolegt
Andlit med Gull-Lorgnet og smaae, velstelte Kinnskjegg;
og myrkt Haar med Pomade i, og Skil i Nakken; og
fine, smaae Hendar. Og so den rette, sterke Nasen som
gjekk i eit med ein rett, sterk Skalle. Ho var rædd
Fyren; det einaste huglege ved han var, at han saag
godsleg ut naar han smilte. Men ho kjende paa seg, at
kven ho elles kom til aa like, so vart det aldri Georg
Jonathan.
Reint skræmd vart ho, daa han tok til aa gaa hjaa
Fru Hauge. Ho gøymde seg helst naar han kom. Men
alltid snikte ho seg inn att; og so stod ho eller sat i ei
Kraa burt-med Glase og glytte paa han fraa Sida og
hata han.
Den som kunde slaa han. Vinne paa han; faa han i
341
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>