- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
342

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Golve, so han laag der og bad um Naade som ein annan
Syndar. Han saag ut, det Menneskje, som han aldri
hadde bøygt seg, korkje for Gud eller Mann.

Han var so kald og klaar og ferdug. Inkje hadde han
Vyrdnad fyri; inkje beit paa han. So taapne som dei
var. Dersom dei berre vilde segja d e t til han, og det!
Ho skulde nok ha Moro av aa vita kva han daa vilde
svara.

Snart gjekk ho og antra med han for seg sjølv naar
ho hadde ei Stund. Sümt av det han sagde beit seg fast
i henne og pinte henne; ho kunde ikkje faa det fraa seg.

Georg forstod snart, at han kunde vinne henne um
han vilde.

Men det var som han fekk Tvilsmaal.

Ho var so truskyldig og ung. Gjekk ho med paa eit
Samliv som han vilde hava det, so kunde det vera altfor
mykje av den Grunnen at ho ikkje kjende Verdi.

Han kom ikkje so ofte til Fru Hauge som fyrr. Han
var so veik og rar i denne Tidi; han kjende med
Forundring at han hadde Samvit.

Men gjekk han der upp, so vart det Julie han tala
mest med. Han slapp ikkje fraa henne; ho hadde so
mykje aa spyrja um. Mest kvart Ord han hadde sagt
hugsa ho og hadde tenkt paa. Det viste seg meir og
meir: Julie Lindner var ei intelligent Dame.

Sistpaa gjekk dei Turar. Han saag at ho var glad i
han, og han gav seg yvi. Herre Gud; kneip det, so kunde
han gifte seg med henne. Fanden take alle Teoriar;
Gjentungen var so søt og so frisk.

— Ja; ho heldt av han. Ordet «Kjære» kom so ofte
att naar ho tala med han; oftare og oftare kom det att,
med alltid kjælnare Klang, med varmare, mjukare,
blju-gare Klang; og denne glade varme Tonen hadde ho
snart alltid, naar ho tala med Georg.

342

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0344.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free