Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Og ho lo so lett. Lo av inginting; av mindre enn
in-ginting. Det var ein litin sjæleglad, kjælin Laatt; kom
som fraa ei altfor full Bringe.
Ikkje minst viste det seg i Augo, i smaae, braae Glimt
som ikkje lét seg dylja, i blanke glade Glimt mest som
Slengkyssar, eller som snare Smil. Sidan vart det
sterkare. Dei livlege myrkebrune Augo slørde seg i Lengt;
i Lengt og Tvil og saare Spursmaal. Og fraa
Augne-krokane kom det stundom som or ein Taakeglans varme,
djupe Glimt som kunde minne um Taarir.
Men so var ho leid mot han stundom. Heldt Lag med
Oskar Bye, so den Armingen vart heilt ifraa seg; leika
med kvensomhelst liksom det galdt um aa vise, at ho
minst av alt i Verdi tenkte paa Georg Jonathan.
«Det gaar ikke,» sa denne; «jeg blir Idiot.» Han drog
til England og var der ei god Stund.
Daa han kom att, fann han Julie fullt utvaksi og frisk
og fager, — studerande Handelskunskap.
Daa trudde han mest han forstod henne.
— Giftetankane hadde han vunni yvi. Han «vilde
henne ikkje so vondt». Ho var livfull og varm. Sterkt
kunde ho elske; men um ho kunde elske lengi —. Var
ho vitug nok til aa «liva som Menneskje», so vilde det
vera eit Brot aa binde henne; var ho ikkje so vitug —
naah! han drog paa Oksli.
Paa ein Morgontur i Parken tala han Aalvor med
henne. Han sagde kva han kunde bjode: trufast
Kjærleik til Kjærleiken slokna; ærlege Fraasegnir naar so
langt leid. Han skulde gjera alt som stod i hans Magt
til at ho alltid kunde liva av sitt eigi Arbeid; Samlive
deira maatte ikkje faa den minste Smak av Ægteskap
eller Handel. Var ho daa vitug, so ho ikkje innbilte seg
at ho vart urein av ein naturleg Ting, so vilde ho, den
Dagen dei maatte skiljast, vera den same som ho var
343
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>