- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
349

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Di-Di-Di... Di vil da vel ikke gifte Dem endnu,
Jonathan ?»

Georg bukka. «Det er et fritt Ægteskab, Herr
Principal.»

«Aa Fanden.»

Endre Storr spratt upp og gjekk att og fram; han
var mager og seig som ein Yankee. So stansa han upp
midt framfor Georg og hardstirde. «Det-det-det... Di
skulde ikke ha sagt det,» sa han.

«Dem vilde jeg nødig føre bag Lyset,» svara Georg.

«Hm.» Storr tok til aa gaa att; han saag raadlaus
og uroleg ut. «Hm! Hadde De enda vært gift! saa
kunde Di havt saa mange Mætresser Di vilde, for
Fanden! — Hm. — Vét noen om dette her?»

«Nei.»

Grosseraren vart rolegare. Han murra noko um at
det alltid var likare dette enn aa gifte seg for tidleg;
og rett som det var saag det ut til at han hadde funni
ein Utveg.

«Jah!» sette han i; «hva vedkommer egentlig dette
mej?» Han kom tett burt til Georg og stirde so hardt
paa han med sine sjøgrøne Augo, at det knapt var til
aa herde. «Je vét ikke noe om dette, je,» sa han. «Ikke
et Kny vét jeg! Forstaar Di? Jeg har ikke Anelse —!
Husk paa det. Jeg gjør Dem ansvarlig, ansvarlig — ja
Di forstaar ? Ja. Di skjønner vi ska ikke — vi ska ikke
— nei; vi ska ikke ha Historier.»

Georg bukka. Og Julie Lindner fekk Posten.

Det vart Undring i Kantore daa ho kom; so ung og
ven som ho var skulde ho ikkje ha noko her aa gjera.
Dei gissa paa likt og ulikt; lange Frøken Johnsen sa at
ho visste nok kva ho tenkte. Men det var ingin som
spurde henne um det.

Der var ein ung fjong Volontør; han var modig og

349

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0351.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free