- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
358

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Me liver trygge paa Draumen vaar so lenge han held;
og kannhende held han Live ut. Men slitnar han for
oss, so gjeng me kvar til sitt, frie som fyrr, og gjev
kvarandre ein Kyss til Takk for Dansen.

Ho sat og saag ut-for seg, tankefull eller burtdrøymd;
Taare etter Taare gleid stilt ned fraa dei brune Augo.
Ho var visst ikkje heilt med. Det var visst eitkvart ho
kunde hava aa segja. Men ho tagde.

Georg saag ikkje angelsaksisk ut lenger. Han var
bleik um Munnen; dei smaae, ljosblaae Augo glytte
uroleg ut gjenom Gull-Lorgnetten.

Kva tenkjer du paa ? spurde han. Ho riste paa Hovude.

Seg det, bad han.

Ho studde Andlite mot Hendane; um ei Stund sagde
ho: eg tenkjer paa... um det finst ein Mann so
intelligent, at han kunde taka meg etter dette og ikkje vera
raa mot meg.

Han drog paa Aksli. Ho klarer det ikkje, tenkte han.

Det var ho, som fyrst vart leid av aa sitja aa syte.
Ho sprang upp og liksom skok seg; halde Likferd var
vel enno ikkje verdt.

Ho smilte. Gav seg til aa sulle paa ein Visestubb;
gjekk att og fram i Takt.

Georg sat og saag paa henne som ho strauk Golve
upp og ned i lett, fri Gang; han saag den kvite, runde
Halsen, og Aksline som var so stolte og so mjukt forma,
og Bryste som gjekk ned fraa deim som eit lite
rullande Bylgjedrag, og Armane som stod so godt og fritt
til det heile og gav henne slike runde, kvike Rørslur;
han vart hugveik og varm; kjende at han kunde ikkje
vera henne forutan.

So kom ho og sette seg. Du store underlege Apekatt,
sagde ho, skal eg syngje Visa di for deg ? Og han svara:
ja, du skal gjera det.

358

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0360.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free