- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
359

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ho tok det velstelte store Hovude hans inni Armen
sin, vogga i Takt og song; det var ei «Vise», Georg lika
so godt, av di der var slik Filosofi i ho:

«Verden er en Jammerdal;
men —!

det skal vi aldri bry oss noe om,

falliralla lala tralilalila,
men det skal vi aldri bry oss noe om,
falliralla lala la.»

IX.

Sundagskvelden var Helene paa Nisseball.

Josefine, Gjenta i Huse, narra henne med; det var
nok ei som ikkje var bljug, det. Ho hadde vori paa
Nisseball mange Gongir, sagde ho; og berre dei var
tvo, so var det likso trygt der som i Kyrkja.

Helene hadde aldri vori paa Nisseball. Og so hugsa
ho, at i desse Dagane var ho fri. Tenk! ingin yvi seg.
Ingin til aa grine, um ho kom seint heim; ingin til aa
frette og spyrja kvar ho hadde vori. Det var uvisst um
ho vart so fri oftare; ho slo seg vill og gjekk.

Ho var so modig den Kvelden. Det som hadde skræmt
henne fyrr i Dag trudde ho ikkje var noko. Slikt hadde
ho kjent fyrr. Og so hadde Studenten vori her og sagt,
at ho kunde faa Plass hjaa Georg Jonathan; det tok
ho som eit godt Merke i alle Maatar. Det kunde ikkje
vera Meiningi at ho skulde uti noko vondt, naar det
jamna seg so fint for henne i det Stykke.

Og so godt som det var aa koma ut. Dagen hadde
vori klaar og mild, med tinande Snø under sterk Sol, og
med fri, høg Himil; no svala det paa, fraus litegrand;
og Lufti var døkk med vaknande Stjernur. Ho lo høgt
der ho gjekk. Tanken paa at ho var fri, at ho ingin
hadde aa svara fyri, gjekk henne til Hovude; i Kveld

359

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0361.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free