Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
skulde ho kunna vera med paa allslags Galinskap,
tenkte ho.
Gatelyktine stod i skeive Radir og brann, faae og
bleike, stridande med Myrkre. Paa Karl Johan gjekk
«den ville Jagt» sin gang. Helene totte alt var Moro.
Ho rødde og lo, so Folk saag paa deim; eit Par Fyrar
kom og nappa deim i Armane: «bli-med da, Gjenter!»
Daa lo ho enda verre. Josefine, som elles ikkje var
bljug av seg, laut segja henne, at naar ein var ute paa
desse Tidir, so var det best aa agte seg eit Grand. —
— Nisseball-Salen var som ein stor Laave, med fint,
sletthyvla Dansegolv. I den eine Enden var der eit
noko høgare Rom for deim som vilde drikke; i den
andre Enden eit Trev for Musiken. Den spela so det
lyfte i Helene; ho liksom smaadansa der ho stod;
Josefine maatte paa nytt gje henne ei Minning. «Aldri hadde
je tenkt du var saa vill, du Helene,» sa ho.
«Aa du da,» svara Helene.
Ho vilde dei skulde gaa upp til eit Bord og setja seg.
Ikkje enno, sa den andre. Kannhenda det er nokon du
ventar paa? spurde Helene. Mm; ikkje det nettup —.
Helene slog seg til Ro og saag paa deim som dansa.
Det saag ut til skikkelegt Folk alt. Det var ikkje noko
stygt aa s jaa her; det var som aa vera paa eit anna
Ball. Skulde ein ikkje kunna gaa her kven som vilde?
Med det same Dansen slutta kom det ein litin feit, bleik,
andpustin Herre burt til deim. «Godaften Frøken!
Godaften, mine Damer. Opp aa ta Plass!» Han fyri og dei
etter; og Plass fekk dei; denne Fyren var nok kjend her.
Og so fekk dei Kakur og Vin; han sjølv drak 01. «Je
er saa tysst saa,» smatta han.
Det var vel Kjærasten til Josefine dette ? Ja-ja. Svært
ung var han ikkje, men fjong. Brunt klædd; stort svart
Krullhaar; Andlite var rundt og mjukt og utan Skjegg.
360
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>