Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Han kunde skapa det til og laga det um plent som ein
Komediant; og han var so morosam i all si Aatferd, og
hadde so mange løglege Ord og Hermestev, at han heldt
deim i ein Laatt.
Drrum! — det var Musiken. Alle Mann upp; ein tvo
tri, utruleg fort, Dansegolve i ei Maurtuve. Ei mjuk
Hand treiv Helene i Armen; «— ha den Fornøielse,
Frøken?» Det var ein fin, ven Fyr; ned i Maurtuva
bar det; ho sansa mest inginting.
Eit Par Herrar stod etter der uppe og saag paa; den
eine, ein ung ein, puffa den andre paa Armen. «Du
Juberg,» sa han, «hva Fan var det for et tarveli
Fruentimmer, Knutzon strøk av med der?» Olai Juberg,
slaskut og sein, stod nettupp og saag etter henne. «Nytt
av Aare,» sa han roleg og retta paa Brillune. «Hun
tør være ganske pikant, den samme. God Figur blandt
andet. Jeg la Merke til henne, mens hun sat ved Bore
der; hun er Pinedø en forholdsvis Uskyldighet. —
Forresten er hun frugtsommelig for Øieblikke,» lagde han
til; han tala litegrand gjenom Nasen.
Olai Juberg fylgde Helene med Augo ei lang stund.
Henne burde han have Tak i. Han freista i Tanken
fleire Haarsetningar paa henne, og fleire Hattar; det
galdt aa finne paa noko som var «saa’n litt
smaa-dævelsk», meinte han. Fekk han rigge henne etter sitt
Hovud, skulde han jaggu nok faa Gjente av henne. —
— Stud. med. Knutzon svinga henne lysteleg i Dansen.
Han var fyrste Kavalleren paa denne Bula; det kunde
det ikkje vera Tvil um. Men so var han og Son av ein
Konsul. Og den Konsulen hadde vori rik.
Daa Stud. med. Knutzon hadde teki fyrste Bolken av
Lækjarprøva, døydde Konsulen. Og daa fekk Guten
Pengar. So skulde Fanden slite med Eksamen, fyrr ein
hadde gjort Ende paa deim.
361
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>