Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Han fylgde sin gode Vén Viborg til Hamborg; Viborg
skulde lære Handel der. Men Knutzon kom snart heim
att. Det var ingin By som Kristiania lell. Ingin Stad
fekk ein so god Torsk som hjaa Ingebrett; ingin Stad
so hyggjeleg ein Pjolter som paa Fallgruva; ingin Stad
so friske Gjentur som paa Kristiania Tivoli.
Han vart «Karljohans-Løve». Fraa den Tidi hermde
dei etter han: «man behøver Fa’n ikke aa gaa paa
Tivoli; man kan faa virkelige Damer.»
Um ei Tid tok Glansen til aa gaa av han. Der var
ei «virkelig Dame» som laut ein Tur til Stockholm; og
det skulde vera hans Skuld. Knutzon fann ut at
Kristiania var ein keidsam By; han drog til Hamborg andre
Gongen.
Men kom att; og var daa fjongare enn fyrr. So gjekk
han ei Tid Smaaløve fraa Teaterselskap til
Teaterselskap og tok gjerne likaste Drosi i Flokken. «Man
behøver ikke aa nøie sig med Koristinder; man kan faa
Aktricer,» sa Knutzon.
Men etterkvart tok han til aa vise seg paa
Dansesalane.
Han var ikkje so fager som fyrr. Den store
Adels-nasen var der nok. Men Augo vart meir og meir vassne
av seg; og Haare datt; og Andlite var ikkje lenger so
klaart i Dragi. Han saag eit Grand slitin, lausfeit, ul
ut. Og so vart han for kjend. Gamle Kammeratar drog
seg ifraa han; dei torde ikkje vera med lenger. Midt
paa ljose Dagen kunde han koma køyrande full gjenom
Karl Johan med kjende Kvindfolk; ja det gjekk so vidt,
at han kunde vise seg for Folk i Lag med ein Fyr som
Olai Juberg. som alle visste var ein Sjofelist, og som
etter aalmenn Mening mest livde av aa vera
Millom-mann millom rike Mennar og Gjentur som ikkje var
rike.
362
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>