- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
363

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— Maken til Dansar hadde Helene aldri vori ute fyri.
Ein kjende seg ikkje sjølv, so lett gjekk det. Han dansa
rettvendt og bakvendt, endefram og attlengs; han hadde
so mange Kunstir at ho vart reint fortumla. I
Fyrst-ningi hadde han ein Maate som ho ikkje lika; han
klengde seg so inn-til henne. Men det slutta han med,
daa han skyna at det var henne imot.

Sidan var han berre hyggjeleg; og daa Dansen var
slutt, tok han henne upp til eit Bord og vilde gje henne
Vin. Men ho bad um Bruslimonade.

Han var endefram og greid; spurde um allting, og
fortalde. Men ho skyna at ho fekk agte seg; han kunde
ikkje vera so greid aa koma ut for. Den Munnen, den
mjuke Munnen —; han hadde visst kysst meir enn ei
Gjente i sine Dagar, den.

Ny Dans. Helene fylgde Knutzon; men det skulde
vera siste Gongen no.

Det kom Folk inn jamt; Golve var so fullt at der var
lite Rom til aa snu seg. Rett som det var kom dei upp-i
slik ein Krull av Folk, at dei laut stana. Som dei heldt
paa med aa arbeide seg ut «paa fri Sjø» att, som
Knutzon sa, kom det ein Konstabel baskande. «Undskyld De,»
sa han. «Hva behager?» sa Knutzon; han vart so bleik
og rar. «Vær rolig Di,» sa Konstabelen; «Det er ikke
Dere det gjælder denne Gangen. Det var den Damen
der. Di? Jomfru? Vil Di være saa god aa oppgji mej
Deres Navn?» Folk stima til; Knutzon kom burt for
Helene. Daa ho skyna det var henne, Konstabelen
meinte paa, tok ho til aa skjelve og vilde røme, men
kom ingin Veg. «Deres Navn,» sa Konstabelen; han
stod med Boki og Blyanten ferdug. Daa miste ho Sans
og Samling; ho skreik upp i villan Sky, kva
Konstabelen hadde med henne aa gjera? um ho hadde gjort noko
vondt? Heile Salen tok til aa lyde. Eit Mannfolkmaal

363

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0365.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free