- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
365

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

han luskande; han var raudsprengd i Augo og graa i
Andlite. Han torde ikkje sjaa paa henne. Men han
forstod at ho hadde det vondt, ho au. Ho var so uroleg
og rar; det var som ho knapt raadde med seg. Ho
hadde ikkje sovi i Natt, sa ho. Laurits Kruse sat og
venta paa Domen sin med bøygt Hovud.

I Fyrstningi skyna han ikkje det ho fortalde. Det
var noko um Tivoli, um Knudsen, um Dans, um ein
Konstabel; kva kom det Saki ved.

Men so tok det til aa gry for han — han vaaga seg
smaatt i Senn til aa tru, og so forstod han —, at det
berre var dette um Tivoli ho vilde fortelja.

Det var ikkje meir.

Daa kunde han ha kysst henne.

Hans runde Andlit vart smilande som Fullmaanen;
og han pusta ut i eit so langt og letnande Sukk som
han i den Stundi vakna fraa Dauden til Live.

Han fekk att baade Mæle og Mod. Han saag paa
henne; og han fann at ho saag godt ut. Den vesle
Blaaningi under Augo hadde ho alltid havt. Figuren
var den same som fyrr. Det var ingin Ting aa ræddast
fyri. Det gjekk nok godt. Aah. Han reiste seg upp;
han maatte strekkje paa seg, lyfte paa seg; hadde her
vori Rom so hadde han dansa.

Ho var so jammerleg rædd Politie. Ho trudde det
stod utanfor baade Lov og Rett; det kunde gjera som
det vilde mot simple Folk; for deim nytta det aldri aa
klaga. Han lo; Lovi var for Politie som for alle andre,
sa han; men det fekk han henne ikkje til aa tru; ho
hadde høyrt for mykje um Politie til dess, sagde ho.
Han svara, at ho snakka som ho hadde Vit til. Gakk
du berre trygt paa Stasjonen i Morgo, sagde han, og
forklaara alt som det er til; og dersom daa Politie gjer
deg det minste Uskil, so skal du faa sjaa, naar du kla-

365

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0367.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free