- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
366

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gar, at det fær danse for deg; og det um du aldri so
mykje var «simpelt Menneske»!

Lengi maatte han tala med henne um dette. Ho fann
paa alle dei utrulege Ting til aa uroa seg med, og det
som han kunde segja beit liksom ikkje paa henne.

Daa han skulde til aa gaa, sette ho fram ei halv
Flaske 01 og spurde um ho maatte bjode. Han vart
eit Grand rar med det same; gjekk so til Borde og
drakk.

Stakkar; ho var snild. Alt det vonde han hadde gjort
henne, — ho ikkje so mykje som hugsa det. Og han
kjende i sitt Samvit, at han burde kysse henne.

Men han fekk det ikkje til. Det vilde ikkje falle seg.
Han tok henne i Handi, men saag ikkje paa henne. Han
kjende seg skamfull; sagde seg sjølv at han var ein
Slusk; men kva skulde han gjera? Han kunde ikkje;
ho var for honom eit framandt Menneskje.

So luska han ut. —

— Dagen etter møtte Helene paa Stasjonen. Ho var
der paa Klokkeslaget; men ho maatte vente ei god
Stund.

Ho freista aa drive Tidi og døyve Tankane med aa
sjaa paa dei andre som sat her, Sluskar og fint Folk
som hadde vori fulle, eit Par rare, feite Kvinnfolk, ei
gamal hyggjeleg Kjering, ei Gjente med eit Barn. Men
Mode minka for kvar Stund, og Rædsla auka; sistpaa
sat ho med turre, heite Augo som ho ikkje kunde sjaa
klaart med.

Og Munnen var turr og Halsen turr; ho anda tett og
tungt som i Sjukdom. Uhuglege Tankar kom; Hovude
gjekk fullt av fæle Synir; ho saag Rettssalen; der sat
blanke Politiherrar og dømde; og morske Konstablar
drog Syndarane ut; so var det lange myrke Murgangar
innetter, og stygge laage Fangehol; i eit slikt saag ho

366

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0368.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free