- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
367

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

seg sjølv, innestengd, avgøymd, verjelaus, i Hendane
paa ukjende Mennar... Hu, der kom Politifullmegtigen;
ho kvakk som det skulde vori Vaarherre.

Det vart ei Aatvaring. Ho burde taka seg i Agt. Ho
skulde sjaa seg fyri kven ho kom i Lag med. «Det
kunde ha gaat galt for Dem, dette-her. Men De har
altsaa Plass hos Kandidat Jonathan?»

X.

Kandidat Braut søkte Prestekall. I eit Te-Lag hjaa
Presten Broch fortalde han dette, og lagde til, at han
ikkje kjende seg god lenger til aa staa imot Herrens
Kall. Hanna sagde det same; Daniel kunde ikkje
lenger staa imot Herrens Kall. Daa smilte Laurits so
løynskt med seg sjølv, at det var godt Presten ikkje
saag det.

Han saag nok ikkje stort i det heile, Presten Broch,
surøygd og lut som han tusla gjenom Verdi. Men han
høyrde godt; og um Laurits visste han meir enn denne
tenkte. Den kjære Kand. Braut hadde ikkje kunna
tegja med det for sitt Samvit Skuld: Laurits var i
seinare Tid komin i Lag med Vinstrerabulistar og
emansipera Kvinnfolk. Og no gjekk det Brev millom Pastor
Broch i Kristiania og Pastor Lyng i Fjeldbygdi, mn
ikkje denne kunde hava Bruk for ein Huslærar.

Den Rabulisten, Laurits no heldt mest Lag med, var
Mark Oliv. Laurits var glad i denne Trønderpluggen
som aldri visste um Hugverk eller Sut, men lo so han
kunde skræme Fanden; dessutan hadde vesle Laurits
funni ut, at Dagmar Dyring vanka der i Huse no for
Tidi.

Dagmar Dyring, som han maatte sjaa. Lengi hadde
det verkt i han, det vonde Orde «affektera». Han hadde

367

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0369.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free