- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
368

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vori sjuk av det; og mange leide Tankar hadde det avla.
Var ho affektera, so kunde ho ikkje vera aa tru; alt
det ho för med kunde vera Kunstir; ho kunde vilja vera
original og interessant; ho kunde vera ei Hugsnikje.
Men Saare grodde smaat um Senn; og daa det var
att-grott, var der ikkje ein Blodsdrope i han som ikkje
glødde for Dagmar Dyring.

Glad var han berre i dei Stundine naar han fekk sjaa
henne. Alle Stadir der ho var heldt han seg; og no
gjekk han hjaa Mark Oliv og aat Postei av Skjeljar og
Kotelett av Sopp og Salat av Hesteblom og alt som rart
og vondt var, so han kunde faa ein Glytt so ender og
daa av denne einaste som det var verdt aa sjaa paa.

Og um Kveldane, naar Timeplanen viste paa Pindar
eller Tacitus, sat han og skreiv Brev til henne og sagde
henne alt. Han visste det nytta ikkje; men han kunde
ikkje lata vera. Naar han so hugsa at det var ho som
skulde lesa det han skreiv, vart han skamfull og lagde
det i Omnen. Skreiv paa nytt; men det vart alltid verre.
Sistpaa kom han ikkje lenger enn til Overskrifti; og
naar det kom til Stykke, var kanskje den det galnaste
av alt.

Han var den same Stakkaren som han hadde vori.
Likso godt grava seg ned. No kunde han ikkje skrive
heller; og tala med henne, det var reint raadlaust.
Aaleine med henne vart han ein Tümsing, mulebundin,
tankenömin; det var ho som laut føre Orde: han kunde
berre segja ha og ja, han.

Han var kvinnfolkrædd. Andre gjekk og var
Kamme-ratar med den dei fridde til; for honom var Kvinna
noko framandt og rart som skræmde han, eit Dyr han
var rædd, ei Dis han ikkje torde røre. Det hadde alltid
vori so. Han hadde all sin Dag set henne fraa
Vindaugo i Skulestogo, lært aa lengte, lært aa drøyme, men

368

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0370.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free