- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
369

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

alldri lært henne aa kjenne. No var det for seint. Han
var vaksin Kar, og her stod han, ein Labans Laban
bland sine Brørar; um det galdt Live, kunde han ikkje
tala med Gjenta si. Og no galdt det Live. —

— Det var «graatt» millom Dagmar og Frida i
seinare Tid; og det var mykje paa Hemn, at Dagmar
gjekk so ofte til Helga Markussen.

Elles hadde ho nok SiSi StclcL i, Dagmar og.

Gode Stundir hadde ho; det meste ho hadde aa gjera
var aa søkje Skulepostar som ho ikkje fekk. Men dei
gode Stundine brüka ho til aa prøve seg sjølv; og di
meir ho prøvde seg, di laakare vart ho.

Ho var ein uædel Natur.

Ei ædel Kvinne elska ein Mann, og elska den eine so,
at det maatte vera han eller ingin. Av alle dei Gutane
Dagmar kjende, var det ingin ho elska retteleg. Ho
lika deim rett godt alle; og kneip det, var ho rædd ho
kunde gifte seg mest med kven som helst av deim. So
nær som med Bjølsvik, for han forstod henne ikkje.
Bjølsvik hadde ho lagt for Hat.

Den ho trudde best var Laurits Kruse. Han var minst
Mannfolk av deim ho kjende; og ingin forstod henne
so godt som han. Og som han fylgde henne trufast og
vyrdsamt med desse ærlege Augo som bad, fekk ho ein
Godhug for han, so det vilde vera vondt aa gjera den
Guten Sorg; men um ho elska han? Det kunde ho ikkje
koma til Lags med seg sjølv um.

Ho var ein uædel Natur. Ho elska alle og ingin.

Etter som Frida hadde sagt, skulde det vera so med
dei fleste. Me elskar vel den mest som gjer mest Kur,
hadde Frida sagt. Men Dagmar trudde ikkje stort paa
Frida Westgaard. Ho vilde heller tala med Helga um
Tingen; endaa det kunde vera sumt aa segja paa
henne ög.

2-t — Garborg I.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0371.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free