- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
375

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

I Kyrkjegata møtte dei Maalarne Bjølsvik og Blytt,
uppklædde og fjonge, «udgaaede paa Spetakkel». «Kann
ikke Dere foreslaa noget?» spurde Dagmar. Nei. Dei
vilde gaa i Fallgruva og drikke Pjolter, dei for sin Part.
Og Bjølsvik saag paa Trollkjeringane og Studentane og
var grettin.

Dei stod og glodde paa Folk. «Naa, se der har vi Fru
Bøckmann,» sagde Blytt.

Ho er alltid ute, svara Bjølsvik; sjaa kor ho gjeng og
friar til Mr. Jonathan.

«Henne liker jeg ikke!» kvesste den yngste av
Trollkjeringane i.

«Hun er vakker, vakker,» sagde Blytt.

«Ja men hun er saa ulykkeli for det selv.»

«Aa, ulykkeli —?»

«Har De ikke set, naar hun kommer ind i et Selskap
f. Eks. —: hun sænker Øinene og drar dem op igjen
saa forsigti, og ser ut som hun bad for sej: «undskyld,
mine Herrer, nu faar De ta Dem i Agt; j e kan da
vir-keli ikke for, at je er saa vakker!»»

«Ondskapsfull,» lo Frigstad.

Det slutta med at dei gjekk inn paa Kafé Royal og
aat til Kvelds. Der fekk dei eit Rom for seg sjølv, og
so kunde dei halde «privat syttende, som andre
skikkelige Folk», som Blytt sagde.

Bjølsvik fortalde nytt: Peter Tordenskjold, han
Kryl-Ryggen, var trulova. Og det med ei av dei likaste me
hadde: Eline Henning.

Og no gjekk vesle Peter og sprikte paa Gata med
Krylryggen og Kjærasten so kaut som ein Lensmann;
og ho gjekk og saag upp til den vesle Herremannen sin,
som Gudhjelpemeg ikkje naadde henne lenger enn til
... «ja Belte kan man vel si i Dameseiskap ?»

Trollkjeringane lo. Den yngste av deim, ei ven ei,

375

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0377.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free