Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
og eit Grand vøni, meinte paa, at ho skulde kunna høyre
alt som Bjølsvik kunde finne paa aa nemne: «for saa
fordomsfrie er vi vel?» Bjølsvik meinte han kom til aa
drive henne ut or Byen, dersom han vilde tala
Ungkars-maal for henne; «forsøk!» svara ho og sette upp Nosi.
«Nei-nei-nei,» bad den eldste; «det er nok ikke verdt.»
Den unge raudna, mukka litegrand, men gav seg.
Dagmar forsvara Frøken Henning. Det som baud mest
imot for unge Damur var det vanlege, det aalmenne;
ho kunde godt forstaa, at ei Dame som Eline valde som
ho gjorde; so slapp ho daa ifraa Herrane fraa
Mote-journalen.
Ja; og so hev Peter Pengar, Pengar, sagde Blytt
aal-vorsamt.
Bjølsvik vilde ikkje vera strid denne Gongen; han
knurra, men tagde; førde so Samrøda inn paa noko
anna.
Men daa dei kom til Kaffien, var han og Dagmar i
full Strid.
Det gjekk stilt og rolegt i Fyrstningi, med valde Ord,
som berre hadde løynde Broddar. Men etterkvart vart
Ordi sterkare og Broddane tydelege; og det var ikkje
lenger Spursmaal um aa forstaa kvarandre, men berre
um aa faa segja kvarandre kvasse Ting.
Her var han Meistar.
— «Overbevisning»? Dei hadde ikkje set anna av
Verdi enn Karl-Johansgata; og so skulde dei ha
«Overbevisning»! Nei; naar noko kom paa Moten, so skulde
dei vera med; det var Overbevisningi, det. Og so skreik
den eine høgare enn den andre, til dess dei var galne
alle ihop. Og i Morgo var det ei ny Lekse. Ein Dag
gjekk dei og dingla med Krossen i Halsbande, Dagen
etter med Guillotinen; kunde dei vera interessante med
Bøneboki so gjekk dei med Bønebok; og trudde dei dei
376
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>