- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
377

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vart interessante med aa banne, so banna dei so det
lyste um deim. Her ei Tid skulde Kvinna vera bljug,
Liljekonval og alt slikt; daa var dei so bljuge, at —
Bjølsvik gjorde Faktine — dei vilde gøyme seg i
Veggen; so kom det ein Mann og skreiv ei Bok og sa:
Kvinna skal Fanden hente meg vera sjølvstendig! Jøss!
daa kom dei farande alle ihop og var so sjølvstendige,
at dei røykte Sigarett. Alle ihop. Som paa Kommando.

— Sanne? Kvinna, som aldri hadde vori anna enn
Lygn og List? Men so hadde ho og gjengi i Skule.
Fraa den fyrste Kvinna fridde etter den fyrste Mann...

— Ikkje det ? Var det ikkje alltid Kvinna som fridde ?
Gjekk fyri og lokka; og so kom Mannen etter, som
Bukken, naar han vil ha Salt; men gaa fyri og lokke, so
Mannen trudde det var han, som gjekk fyri og lokka,
det var Kunsten; men den kunde dei fraa dei laag i
Vogga!

— Kva slags Damur han hadde havt Lag med? —
Gakk til dei finaste! Og Bjølsvik sprang upp so Stolen
valt; för inn i Avisrome; skræmde Live av eit Par gamle
Pjolterdrikkarar som sat der og dubba; kom so inn att
med eit Blad —:

«Et elegant sort Vaartoilette udføres i Faille,» las
han. «Nei men d e t er for gamalt!» ropa heile Lage.
«Faille og sort Grenadine,» skreik Bjølsvik so det
run-dra i Veggine; «Dere skal ha det, um Dere blei gal!»

— «med Fløilsstriber eller gjennembrudte Border; det
halv-lange Skjørt er av Faille, Overkjolen af Grenadine,
kantet med en Fryndse af Chenille eller... Jais; Livet,
høit i Nakken og over Skuldrene, er lukket i Halsen

— det var rart!» — men stærkt udskaaret, ovalt eller
firkantet, over Brystet — naah! — Om Dagen lukkes
det udskaarne Stykke af en smuk, firkantet Guimpe i
Hvidt og Kniplinger eller i fin Surah... Han slengde

377

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0379.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free