- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
378

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Bladet i Bordet so det small; «slikt er det Dere tænker
paa! Slikt gaar Dere og funderer paa allesammen!
Hver en av Dere! Maa jeg spørre, hvad Dere gjør
det for?»

— Rett! Skulde dei ha Rett til nokon Ting, desse
som ikkje kunde anna enn gaa paa Karl-Johan og vera
Prøvejomfruir; fundera fraa Morgon til Kveld paa aa
«ta sej ud»; bruka heile Dagen til aa hengje paa seg
alle dei Greidur og Frynsur og Stopningar og Sløyfur
framme og bak og Brystnaalir og Band og Babels Taarn
paa Hovude, og Køar paa ein annan Stad, og alle desse
utrulege og forunderlege «Klædebønder», som gjorde
deim til Damur um dei hadde Figur som Eldtengar!
Og det var Live for deim det! Det vart dei aldri trøytte
av! Som Katten laag og slikka seg i Soli den lange
Dag, so stod dei og strauk seg og slikka seg for
Spe-gilen; og um dei ikkje hadde anna aa liva av enn Sild
og Potet, so gjekk dei paa Gata so fjonge og fine at
enn ikkje Salomonski i all si Herleghed — naah! Alt
som dei trudde kunde lokke; alt som kunde gjera dei
mnamnam søte og mnamnam yndige–

Daa smelte heile Laget i aa læ; og Blytt meinte at
jagu vilde me ha dei søte og yndige likevel; yndige!

«Aassen vil Di ha os da?» skreik den unge
Troll-kjeringi.

«Jeg vil ha Kvinnemennesker som bestiller noenting!»

«Som koker min Grød og baker mitt Brød,» hermde
Dagmar.

«Som forstaar sig paa an’t enn aa gaa og vera
interessante,» knurra Bjølsvik.

. «Naa gaar vi,» sa eit kaldt, stutt Maal; det var
Laurits.

Det kom so avgjort, at dei reiste seg alle, og gjorde
seg ferduge og gjekk. Det bar til Arbeidarsamfunde.

378

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0380.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free