Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
kunde ikkje sleppe henne; men ho klara det ikkje
lenger paa den andre Maaten; ho maatte og vilde ha
Prestebrev; fekk ho det ikkje av honom tok ho det av
ein annan, ein som ho ikkje brydde seg um. Han kunde
ikkje segja stort um det. Kvinna var ikkje Menneskje;
ho var Samfund. Flokk; Samvit; Motejournal. Var ho
ikkje klædd etter Motejournalen, so kjende ho seg
simpel; og elska ho utan Politibrev, so kjende ho seg
urein, og vart urein. Mot denne aalmenne Meining kunde
ho ikkje klara seg. Ho maatte ha Korsett. Korsett paa
Sjæli som paa Kroppen.
Gram riste paa Hovude. Men heile Live, sagde han,
heile Live! Tenk paa det!
Det er ikkje heile Live, svara Georg; det er ikkje
sant, det. Ein kan ikkje binde seg, um ein vilde;
Kjærleiken er fri og vert aldri anna enn fri. Samfunde
krev, at ein Mann skal skrive inn ei av deim han liver
med, og lyse ut, at dei Borni han fær med henne skal
vera hans lovlege Ervingar; meir er det ikkje.
Sjølvsagt hev Prestane blanda seg inn; Kyrkja skal hava si
Avgift av Brursengi som av Lik-Kista; men Tingen vert
den same for det; og kann ein ikkje faa det beste, tek
ein det næst-beste.
Gram stod og stirde; ein kunde sjaa at han ikkje
forstod. Nei, sagde han tilslutt; ein Lovnad er ein Lovnad
og ein Eid er ein Eid; ein skal ikkje lova naar ein ikkje
vil halde. Georg drog paa Aksli; Gram riste paa
Hovude og gjekk; han hadde sitt Lag inn-i Piano-Rome,
sagde han. —
Georg sette seg og drakk Pjolter. Han var so turr i
Halsen i Kveld, og so nervøs og rar; han hadde Hug
til aa «melde seg ut or det menneskjelege Samfund og
drikke seg full»; det kunde vera Moro aa raake i
Slagsmaal og koma paa Stasjon.
388
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>