Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
du gifter dej, blir du vel fri for dine Sorger,
Tjenestepigesorger og —; aassen synes du forresten om den
Tjenestepigen, jeg skaffet dej?»
«Hun er gal,» svara Georg; han saag paa Laurits med
uvisse Augo. «Hver Gang jeg kommer hjem, venter jeg
at hun skal ha hengt sej. Hun har nok været Teologen
nærmere enn du tror.»
Laurits hadde snutt seg heilt burt; han saag ein
Kjenning der inne, sagde han, og var burte som ein Skugge.
Georg stod og saag etter han eit Grand. So riste han
paa Hovude og sette seg. Var det noko i Vegen med
Guten?
Der sat Bjølsvik med tomt Glas og tala um Kunsten,
som «hadde det so magert som ei Loppe paa ei Grind»;
Juristane brydde seg ikkje om Kunsten; Bøndane brydde
seg ikkje um Kunsten; Grosserarane gav Kunsten
Fanden; og Bladi —; dersom Skreddar Hansen heldt
Foredrag paa Rasmussalen um det absolute Veto, so hadde
Bladi tri Spaltur um det, og dersom ei Kjering braut av
seg ein Fot, eller ein Unge vart hala uskadd upp or
Akerselvi, eller dei fann ei stor Potet paa Ringerike,
eller dersom ein Hane varp eit Egg — ha, ha, ha, ha!
det var Laatt av dette. Nei; vilde ein tena Pengar i
dette Lande, heldt Bjølsvik fram, so skulde ein halde
Grise-Sirkus, og Loppe-Sirkus, eller vise fram Lus paa
ein Tjørekost; — meir Laatt.
Ein Vinstremann forsvara Storthinge; det hadde ofra
so mykje paa Kunsten som ein kunde vente; serleg
nemnde han Diktarlønine. Ja, Diktarlønir; det var noko
anna, sagde Bjølsvik; dessutan, Diktarar —; naa! han
forstod ikkje kvifor dei skulde vera so gjæve. Kva kunde
dei ? Dei gav seg ut for aa skildre Live; men det kunde
dei minst. Dersom ein Diktar vilde skrive upp berre
det, som var sagt her i Kveld — ja, det hadde vori tala
390
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>