Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
mykje Ungkarsmaal her i Kveld —, so kom han paa
Tukthuse. Nei; Diktarane, dei kunde skrive «Schøne
Minka» og slikt noko; det kunde dei; men skildre
Live —; ikkje Tiandeparten av det som gjekk for seg
kunde dei nemne. Skildre Live, naar dei ikkje kunde
brüka eit Ord som —; Bjølsvik nemnde Orde.
Skodespelar Hornemann gjekk og svinsa att og fram
i Romi og sulla paa ei Vise; det var ei svensk ei, som
han elles ikkje kunde:
«Uti mina unga dagar
var jag alt en vacker kar,
og ved at lystre dygdens lagar
fick jag se, hur godt det var.
Trala lala, lala, lala —»
So kom han og slo Georg paa Aksli: «Godaften,
Ettermann!» sagde han. «I Dag mej, i Maaren dei;» og
han rusla i Veg att.
«Trala lala, lala, lala,
trala lala, lala, lala,
som Gud vil,
jag står still;
som Gud vil,
jag står still.»
Men han kom att. «Vogt Dem!» kvæste han; «hun
er en Hulder! Deilig at se til; aa deilig; men hul! Ikke
Blod, ser Di! Ikke en Draape Blod.
Trala lala, lala, lala,
trala lala, lala, lala —»
«Aldeles spillende gal,» murra Georg. Bjølsvik hadde
lagt Merke til dette siste; han sagde: «Nina Bøckmann
har nok vært vond med Hornemann.» Aa, var det henne,
han snakka um? spurde Otto Nielsen. «Forresten holder
hun sig forbanna bra, den Fru Bøckmann.» «Hun blir
391
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>